Kjøpsvilkår
Alle kjøp frå Laga er regulert av standard salsvilkår for forbrukarkjøp av varer og digitale tenester/kurs over internett. Forbrukarkjøp tyder i denne samanhengen sal av vare eller digital teneste/kurs til forbrukar som ikkje i hovudsak handlar som ledd i næringsverksemd, og når seljaren opptrer i næringsverksemd med sal over internett. Kontrakten er utarbeida med utgangspunkt i anbefalingar frå Forbrukartilsynet.
Forbrukarkjøp over internett blir hovudsakeleg regulert av avtalelova, forbrukarkjøpslova, digitalytelseslova, marknadsføringslova, angrerettslova og ehandelslova, og desse lovene gir forbrukar ufråvikelege rettar. Vilkåra i kontrakta skal ikkje bli forstått som noka avgrensing i dei lovbestemde rettane, men oppstiller dei viktigaste rettane og pliktane for partane i handelen.
Sjå meir hos Forbrukartilsynet her: Forbrukertilsynet.no
1) Avtalen
Avtalen mellom kjøparen og seljaren omfattar informasjonen seljaren gir om kjøpet gjennom bestillingsprosessen i nettbutikken (blant anna opplysningar om vara eller kurset sin art, mengd, tilgang, varigheit, andre eigenskapar, pris og vilkår for levering), samt eventuell direkte kommunikasjon mellom partane (som til dømes e-post) og desse salsvilkåra.
Ved motstrid mellom informasjonen seljaren har gitt om kjøpet i bestillingsprosessen i nettbutikken, direkte kommunikasjon mellom partane og vilkåra i salsvilkåra, vil direkte kommunikasjon mellom partane og informasjonen gitt i bestillingsprosessen gå før salsvilkåra, så framt det ikkje strir mot bindande lovgiving.
2) Partane
Seljar:
- Firmanavn: Laga / STIFTINGA DET NORSKE SAMLAGET
- Kontaktadresse: Pb. 4672 Sofienberg, 0506 Oslo
- Besøksadresse: Mariboes gate 13, 0184 Oslo
- E-post: post@lagastudio.no
- Organisasjonsnummer: 935 305 314
Kjøpar er den personen som utfører bestillinga.
3) Prisar
Prisen som er oppgitt for varer, digitale kurs og fysiske kurs er den totale prisen kjøparen skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnadar. Eventuelle ekstra kostnadar som seljaren ikkje har informert om før kjøpet, skal ikkje påleggast kjøparen. Samtidig tar Samlaget atterhald om prisfeil i nettbutikken.
4) Frakt- og leveringsvilkår for fysiske varer
Laga tilbyr fraktfri levering på alle ordrar over kr 1500,-. På ordrar under 1500,- kjem eit tillegg for frakt.
5) Avtaleinngåing
Avtalen blir bindande for begge partar når kjøparen har sendt bestillinga si til seljaren. Avtalen vil likevel ikkje vere bindande viss det har oppstått skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga på nettbutikken eller i kjøparen si bestilling, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det dreia seg om ein slik feil.
Stadfesting av ordren: Når seljaren har mottatt bestillinga frå kjøparen, skal seljaren utan ugrunna opphald stadfeste ordren ved å sende ei stadfesting av ordren til kjøparen. Det blir tilrådd at kjøparen kontrollerer at denne stadfestinga stemmer overeins med bestillinga, med omsyn til tal, vare-/kurstype, pris osb. Viss det ikkje er samsvar mellom bestillinga og stadfestinga, bør kjøparen ta kontakt med seljaren så snart som mogleg på post@lagastudio.no.
6) Betaling
Seljaren kan krevje betaling for vara eller kurset frå det tidspunktet vara blir send frå seljaren, frå tidspunktet tilgang til det digitale kurset blir gitt, eller ved stadfesta påmelding til eit fysisk kurs.
Viss kjøparen nyttar kredittkort eller debetkort ved betaling, kan seljaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kortet blir belasta same dag som vara blir send eller tilgangen til det digitale kurset blir opna. Ved betaling med faktura blir fakturaen sendt til kjøparen via Klarna. Betalingsfristen kjem fram av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak.
Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgande faktura.
7) Levering, tilgang og tekniske krav
Levering har skjedd når kjøparen, eller kjøparen sin representant, har overtatt vara eller fått tilgang til det digitale materialet / kurset].
Viss ikkje leveringstidspunkt kjem fram av bestillingsløysinga, skal seljaren levere vara eller gi tilgang til det digitale kurset til kjøpar utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden.
- Digitale kurs: Tilgang til digitale kurs blir levert elektronisk via e-post eller ved oppretting av brukarkonto på vår kursplattform umiddelbart etter at kjøpet er gjennomført, med mindre anna er spesifisert (t.d. ved kurs med oppstartsdato). Tilgangen er personleg og kan ikkje delast eller overdragast til andre utan skriftleg samtykke frå seljar.
- Tekniske krav til digitale kurs: Kjøparen er sjølv ansvarleg for å ha nødvendig og eigna utstyr, oppdatert nettlesar og internettsamband for å kunne ta i bruk og få tilgang til det digitale kurset.
- Fysiske kurs: Ved kjøp av fysiske kurs blir tenesta rekna som levert på den/dei fastsette datoane og stadane som kjem fram av kursbeskrivinga og ordrestadfestinga.
8) Risikoen for vara og immaterialrettar (opphavsrett)
Risikoen for fysiske varer går over på kjøpar når kjøpar, eller kjøpar sin representant, har fått varene levert i tråd med punkt 7.
Kursmateriale og immaterialrettar: Alt kursmateriale (inkludert videoar, PDF-ar, tekstar, malar og lydfiler) er beskytta av opphavsrett. Kjøparen får ein personleg, ikkje-eksklusiv rett til å nytta materialet til eige bruk. Materialet kan ikkje kopierast, distribuerast, vidareformidlast eller nyttast kommersielt utan skriftleg avtale med seljar.
Omfang av tilgang og gruppevising: Tilgangen til det digitale kurset er personleg og gjelder berre for kjøparen (enkeltbrukar). Det er ikkje tillate å vise eller strøyme kurset for grupper, skuleklassar, bedrifter eller i offentlege samanhengar utan skriftleg avtale med seljar.
Ønskjer du tilgang for ein skuleklasse, ein organisasjon eller fleire tilsette, ta kontakt på post@lagastudio.no for avtale om gruppelisens og pris på materialpakkar.
9) Angrerett og avbestilling
Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet i samsvar med angrerettslova. Kjøparen må gi seljaren melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å løpe.
- Fysiske varer: Angrefristen startar å løpe frå dagen etter vara/varene er mottatt. Ved bruk av angreretten må vara bli levert tilbake til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten er gitt. Kjøparen dekker dei direkte kostnadane ved retur.
- Digitale kurs: Ved kjøp av digitale nettkurs (som du ser på nett og ikkje får levert fysisk i posten), fell angreretten bort så snart tilgangen til kurset er opna. Dette forutset at du ved kjøp har samtykt til at leveringa startar med ein gong, og at du er klar over at angreretten då går tapt (jfr. angrerettslova § 22 n). Dersom du ikkje har fått tilgang til kurset endå, gjeld den vanlege angrefristen på 14 dagar frå kjøpsdatoen.
- Fysiske kurs og avbestilling: Kjøp av fysiske kurs og arrangement knytt til ein bestemt dato er unntatt frå den generelle angreretten, jf. angrerettslova § 22 m. Påmeldinga er i utgangspunktet bindande.
- Avbestilling: Ved avbestilling seinare enn 14 dagar før kursstart blir kursavgifta ikkje refundert. Ved avbestilling før dette blir kursavgifta fullt refundert.
- Bytte av deltakar: Dersom du er forhindra frå å møte, kan plassen overdragast til ein annan person etter skriftleg avtale med seljar på post@lagastudio.no.
10) Forseinking, manglande levering og avlysing
Dersom seljaren ikkje leverer vara eller tilgangen til kurset til avtalt tid, kan kjøparen etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning.
- Avlysing av kurs frå seljar: Dersom seljar må avlyse eit fysisk eller direktestrøyma kurs på grunn av sjukdom, for få påmelde eller andre uforutsette hendingar (force majeure), skal kjøpar få tilbod om ny dato eller full refusjon av kursavgifta. Seljar er ikkje ansvarleg for eventuelle følgjekostnader kjøpar har hatt (som t.d. reise eller overnatting).
11) Mangel ved vara eller kurset – reklamasjonsfrist
Viss vara eller den digitale kursleveransen har ein mangel, må kjøpar innan rimeleg tid gi seljar melding.
For digitale kurs regulerast manglar av digitalytelseslova. Dersom kurset ikkje svarar til det som er lova eller har tekniske feil som seljar ikkje utbetrar innan rimeleg tid, kan kjøpar krevje retting, prisavslag eller heving av kjøpet. For fysiske varer gjeld forbrukarkjøpslova.
12) Rettane til seljaren ved kjøparens mishald
Dersom kjøparen ikkje betalar eller oppfyller resten av pliktene etter avtalen eller lova, og verken seljaren eller forhold på seljaren si side er skuld i dette, kan seljaren i tråd med reglane i relevant lovgiving etter omstenda halde vara/tilgangen tilbake, krevje oppfylling av avtalen, krevje avtalen heva samt krevje erstatning frå kjøparen. Seljaren vil også etter omstenda kunna krevje renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr for uavhenta varer.
13) Garanti
Garanti som blir gitt av seljaren eller produsenten, gir kjøparen rettar i tillegg til dei rettane kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgiving. Ein garanti inneber dermed ingen avgrensingar i retten kjøparen har til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar.
14) Personopplysningar
Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er seljaren. Med mindre kjøparen samtykker til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysningslova, berre innhente og lagre dei personopplysningane som er nødvendig for at seljaren skal kunne gjennomføre forpliktingane etter avtalen.
Kurs: Ved deltaking på kurs (både digitale og fysiske) vil personopplysningar, som namn og e-post, også bli brukt til å administrere kurstilgangen, sende ut kursmateriell og gi informasjon knytt til gjennomføringa.
15) Gåvekort
- Varigheit: Gåvekort kjøpt hos oss er gyldige i 3 år (36 månader) frå kjøpsdatoen, med mindre anna framgår eksplisitt av gåvekortet eller kjøpsvillkåra på kjøpstidspunktet.
- Bruksområde: Gåvekortet kan nyttast som betaling eller delbetaling for alle våre varer og kurs (både digitale nettkurs og eventuelle fysiske kurs) i nettbutikken.
- Vilkår: Gåvekortet kan ikkje innløysast i kontantar. Om kjøpesummen overstig verdien på gåvekortet, kan det overskytande beløpet betalast med våre ordinære betalingsmetodar. Dersom du handlar for mindre enn beløpet på gåvekortet, vil restbeløpet stå att på kortet fram til utløpsdatoen.
16) Konfliktløysing
Klager blir retta til seljaren innan rimeleg tid. Partane skal freiste å løyse eventuelle tvistar med godvilje. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.