Hopp til hovudinnhaldet

Verdigrunnlag og metodikk

Våre verdiar

Laga skal vere ei motvekt til det raske og globale. Vi trur at menneske har eit grunnleggjande behov for å skape. Når  vi lærer eit handverk, lagar noko med eigne hender eller gir nytt liv til gjenstandar, skaper vi ikkje berre ting, men også kunnskap, meistring og tilhøyrsle.

Produkta våre skal halde høg kvalitet og vere laga for å vare. Vi ønskjer å fremje vedlikehald, reparasjon og vidare bruk framfor unødig utskifting. Berekraft handlar ikkje berre om kva vi lagar, men korleis vi lagar det.

Fleire kvinner står rundt eit bord og vel ut fargerikt garn til eit handverksprosjekt

Berekraft i praksis

Vi ønsker å forvalte ressursane godt. Difor arbeider vi for å redusere svinn, ta vare på overskotsmateriale og finne løysingar som gir ressursane lengst mogleg levetid. Ombruk og gjenbruk skal vere naturlege delar av måten vi tenker og arbeider på.

Vi nyttar enkel og funksjonell emballasje, som tek vare på produkta under transport. Der det er naturleg og forsvarleg, brukar vi brukt eller resirkulerbar emballasjemateriale.

For Laga handlar berekraft om meir enn miljø. Det handlar òg om å ta vare på kunnskap, handverkstradisjonar og menneska som står bak. Vi ønskjer å byggje lokal kompetanse, skape verdiar i nærmiljøet og utvikle verksemda på ein måte som ikkje går på kostnad av kvalitet, etikk eller miljøomsyn.

Mørk blå skjorte i bomull med handbroderte grøne blad og greiner på framsida og lommene liggjande på eit lyst trebord

Om Laga sin metodikk

Laga har sin eigen metodikk. Denne er utvikla ut i frå mange års erfaring med både fysisk og digital undervisning i små og større grupper.

Laga sin grunntanke er å starte med å lære teknikken, slik at du kan utvikle på eiga hand seinare.

I Laga har me tatt nokre val for deg: kva materiale og teknikkar me startar med. Vi gjer det slik at du kan velje til dømes mønster eller fargar sjølv. Det å snevre vala litt inn frå starten av, gjer det enklare å kome i gang. Samstundes er det kjekt å la eigen smak og kreativitet få lov å sette sitt preg på det du lagar.

Store spolar med blå og turkis tråd står på ei trehylle

Alt fagstoff skal vere korrekt og forankra i handverkstradisjonar og moderne praksis. Kvar økt er strukturert, kort og har tydeleg progresjon. Det er enkelt å få oversikt og navigere mellom øktene.

Våre kurslærarar er både dyktige på sitt felt og gode formidlarar. Dei leier deg trygt gjennom kurset og sikrar god progresjon og meistring av teknikkane. Teknikkane og handverka du lærer om, vil også bli sett inn i både ein historisk og materiell samanheng. Laga vil løfte fram dyktige utøvarar innan handverk og skapande arbeid.