Retur og angrerett
Fysiske varer: Viss du ønskjer å returnere ei fysisk vare du har kjøpt, kan du sende han med utfylt angrerettskjema i posten innan 14 dagar etter mottak til:
Laga
v/Varodd Inkludering AS- Avdeling Hunsfos
Maskinveien 26
Hunsfos Næringspark
4700 Vennesla
Dersom du returnerer vara fordi du angrar på kjøpet, må du betale returportoen. Reklamerer du på grunn av skade på varen, kontakt post@lagastudio.no slik at vi dekker fraktkostnaden for retur. Vara må leverast tilbake i god stand, som ny.
Digitale kurs: Ved kjøp av digitale kurs gjelder i utgangspunktet ein angrefrist på 14 dagar frå kjøpsdatoen.
Merk: Angreretten fell bort dersom tilgangen til det digitale kurset blir opna eller levert umiddelbart etter kjøpet. Dette forutset at du i kjøpsprosessen (i kassa) har gitt ditt uttrykkelege samtykke til at leveringa startar før angrefristen går ut, og at du har erkjent at angreretten dermed går tapt (jfr. angrerettslova § 22 bokstav n).
Dersom kurset ikkje er påbegynt eller gitt tilgang til, gjelder den vanlege angrefristen på 14 dagar frå avtaleinngåing.
Fysiske kurs: Kjøp av fysiske kurs og arrangement knytt til ein bestemt dato eller tidsperiode er unnteke frå den generelle angreretten (jfr. angrerettslova § 22 bokstav m). Påmeldinga er i utgangspunktet bindande.
- Avbestilling: Ved avbestilling seinare enn 14 dagar før kursstart blir kursavgifta ikkje refundert. Ved avbestilling før dette blir kursavgifta refundert [evt. med frådrag av eit administrasjonsgebyr].
- Bytte av deltakar: Dersom du er forhindra frå å møte, kan plassen overdragast til ein annan person etter skriftleg avtale med oss på post@lagastudio.no.
Generelt om angrefristen: Kjøparen må gi seljar melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å løpe. I fristen blir alle kalenderdagar inkluderte.
Viss fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag blir fristen forlenga til næraste verkedag. Angrefristen blir sedd som overhalde viss meldinga er send før fristen er utløpt.