

Om Laga
Handverk med meining
Laga skal vere ei motvekt til det raske og globale og står for kvalitet, ansvar og varige verdiar.
Vi trur at det å lage noko med eigne hender har ein verdi i seg sjølv. Gjennom kurs, fagkunnskap og gode materiale ønsker vi å gjere handarbeid tilgjengeleg for fleire. Samstundes tek vi vare på tradisjonar og teknikkar som fortener å leve vidare.
Stolt barn av Det Norske Samlaget
Laga er ei ny satsing frå Det Norske Samlaget. Der Samlaget i meir enn 150 år har formidla språk, litteratur og kunnskap, ønsker Laga å gjere det same for handverk og skapande arbeid. Vi trur på verdien av å lære, utforske og skape, og på at kunnskapen vert rikare når han blir delt. Laga er ei ny grein på samlagsrota, bygd på dei same verdiane om kultur, formidling og kvalitet.

Mange går rundt med eit ønske om å kome i gang med skapande arbeid. Men i ein travel kvardag veit ein kanskje ikkje heilt kvar ein skal starte. Aldri har det vore lettare å få inspirasjon frå heile verda rett i lomma. Kanskje har du hobbyrommet fullt av både utstyr og materiale, men så kjem du likevel ikkje heilt i gang? Laga er her for å gjere det enkelt å lage noko heilt sjølv.
Lær, handle og del – alt på éin stad
Laga samlar alt du treng for å kome i gang. Ved å kjøpe eit kurs lærer du steg for steg, og med materialpakke får du akkurat det du treng av materiale og utstyr av god kvalitet.
Lær
Kursa er delt opp i korte økter som du gjennomfører i ditt eige tempo. Nokre av dei vil du kanskje ta fleire gonger? Du får det du treng av oppskrifter og fagstoff. Det handlar om å lære teknikkane frå grunnen av, slik at du kan bruke teknikkane på eiga hand også etter at kurset er ferdig.
Handle
Materialpakkar som høyrer til kursa gir deg nøyaktig det du treng. Alt i beste kvalitet og perfekt tilpassa det du skal lage.
Del
I Nabolaget kan du dele det du lagar og sjå kva andre held på med. Her handlar det ikkje om å få mange “likes”, men om å skape saman.
Handverk du kan stole på
Aldri har det vore lettare å få inspirasjon. Kanskje kjenner du på at ting ofte blir lagra og spart på, men at det er vanskeleg å kome i gang? Kva treng du og kvar skal du starte?
Våre kurslærarar er både dyktige innan feltet sitt og gode formidlarar. Dei skal lose deg gjennom kursa med god progresjon og sikre at du lærer både teknikkane og korleis du kan utforske vidare på eiga hand.

Kva vil du lage?
Broderi, strikking, veving, søm, toving og meir: Laga dyrkar dei tradisjonelle handverka og gjer dei tilgjengelege for nye hender. Uansett kva du har lyst til å lage, finst det ein veg inn.

