Personvern
Slik samler vi inn, bruker og tar vare på personopplysningene dine.
Personopplysningar er opplysningar som kan knytast til deg som person. Her kan du lese kva opplysningar om deg Laga behandlar, kvifor vi gjer det, kor lenge vi tek vare på dei og kva rettar du har.
Kven er ansvarleg?
Stiftinga Det Norske Samlaget (organisasjonsnummer 935 305 314) er behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir behandla på lagastudio.no og i Laga-tenestene.
- Postadresse: Pb. 4672 Sofienberg, 0506 Oslo
- Besøksadresse: Mariboes gate 13, 0184 Oslo
- E-post: post@lagastudio.no
Har du spørsmål om denne erklæringa, eller du vil bruke rettane dine, kan du sende ein e-post til post@lagastudio.no. Du har krav på svar utan ugrunna opphald og seinast innan éin månad.
Kult Byrå AS utviklar og driftar Laga på vegner av Samlaget og er databehandlar.
Når samlar vi inn opplysningar om deg?
Vi behandlar opplysningar om deg når du:
- opprettar ein brukarkonto og brukar Laga
- kjøper eit kurs, ein materialpakke eller eit gåvekort
- melder deg på nyheitsbrevet
- deler prosjekt eller skriv i forumet
- tar kontakt med oss
- besøker nettsida
Brukarkonto og profil
Når du opprettar konto, lagrar vi e-postadressa di og namnet ditt. Loggar du inn med Google, får vi namn og e-postadresse frå Google. Du kan velje å oppgi kva nivå du er på og kva handverk du er interessert i, slik at vi kan tilpasse innhaldet til deg. Du kan òg leggje inn eit visingsnamn og eit profilbilde som andre medlemmar ser.
Medan du bruker kursa, lagrar vi kva økter du har fullført og kva kurs du har gjennomført, slik at du kan halde fram der du slapp og få kursbevis.
Grunnlaget for behandlinga er avtalen med deg (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b). Opplysningane blir lagra så lenge du har konto hos oss. Slettar du kontoen, blir profilen sletta. Innlegg du har skrive i forumet, blir anonymiserte, slik at samtalen andre har deltatt i framleis heng saman.
Kjøp
Når du handlar, behandlar vi namn, adresse, e-postadresse og telefonnummer, kva du har kjøpt og opplysningar om betaling og levering. Kassa blir driven av Shopify. Sjølve betalinga blir handtert av betalingsleverandøren Payments, Vipps eller Klarna] og vi ser aldri kortnummeret ditt.
Kjøper du ein materialpakke, deler vi namn, adresse og telefonnummer med logistikkpartnaren vår, Varodd Inkludering AS, og med fraktselskapet Bring eller PostNord, slik at pakken kjem fram.
Ved kjøp av kurs, registrerer vi kurstilgangen på kontoen din. Opplysningane om kva kurs du har kjøpt blir lagra så lenge kontoen er aktiv, slik at du kan dokumentere kjøpet og få tilgang til kursa.
Grunnlaget for behandlinga er avtalen med deg (artikkel 6 nr. 1 bokstav b). Ordrehistorikk blir i tillegg lagra i fem år etter bokføringslova (artikkel 6 nr. 1 bokstav c).
E-post frå oss
Vi sender deg e-post når du har kjøpt noko, når du har fullført eit kurs, når nokon svarar deg i forumet, og for å minne deg på å evaluere eit kurs du har fullført. Desse e-postane er ein del av tenesta, og grunnlaget er avtalen med deg. Du kan slå av varsel frå forumet i profilen din. Vi loggfører kva e-postar som er sende for å unngå at same melding går ut fleire gongar, og loggen blir sletta etter kort tid.
Nyheitsbrev
Du kan melde deg på nyheitsbrevet vårt. Då lagrar vi e-postadressa di, namnet ditt om du har oppgitt det og tidspunktet du samtykte. Grunnlaget er samtykket ditt (artikkel 6 nr. 1 bokstav a). Du kan når som helst melde deg av via lenka nedst i kvart nyheitsbrev eller i profilen din. Nyheitsbreva blir sende med verktøyet Klaviyo.
Nabolaget og forumet
I Nabolaget kan du dele prosjekta dine med bilde og tekst. Prosjekt du vel å gjere offentlege, er synlege for alle som besøker nettsida, saman med visingsnamnet ditt. Prosjekt du held private, er det berre du som ser.
Forumet i kvart kurs er berre synleg for dei som har tilgang til kurset og for moderatorane våre. Andre medlemmar kan rapportere innhald, og moderatorane kan skjule innlegg som bryt retningslinjene.
Grunnlaget for behandlinga er avtalen med deg. Innhaldet blir lagra så lenge du sjølv lèt det stå. Slettar du kontoen, blir innlegga dine anonymiserte og prosjekta dine sletta.
Video
Kursvideoane blir strøymde gjennom Mux. Når du ser ein video, ser leverandøren IP-adressa di for å levere videoen til deg. Vi bruker signerte lenker slik at berre dei som har tilgang til kurset, kan sjå videoane. Grunnlaget er avtalen med deg og den rettkomne interessa vår i å levere videoane trygt (artikkel 6 nr. 1 bokstav b og f).
Besøk på nettsida
Nettsida brukar nokre få informasjonskapslar (cookies) som er nødvendige for at ho skal fungere: for å halde deg innlogga, for å hugse handlekorga di og for å hugse kva du har svara i samtykkebanneret.
Vi samlar òg anonymisert statistikk om bruken av nettsida med verktøyet PostHog, som lagrar data i EU. Statistikken blir berre samla inn dersom du samtykker til det i banneret, og du kan endre valet ditt når som helst. Grunnlaget er samtykket ditt (artikkel 6 nr. 1 bokstav a).
Kassa ligg på kasse.lagastudio.no og blir driven av Shopify. Der gjeld informasjonskapslane til Shopify. Du kan lese meir i personvernerklæringa til Shopify.
Når du kontaktar oss
Skriv du til oss, behandlar vi opplysningane du sjølv gir oss for å svare deg. Dei som hjelper deg hos Laga kan sjå kontoen din, kjøpa dine og kurstilgangen din i eit støtteverktøy. Alle endringar som blir gjorde der, blir loggførte med kven som gjorde kva, og kvifor. Grunnlaget er den rettkomne interessa vår i å gi deg god hjelp (artikkel 6 nr. 1 bokstav f).
Målretta informasjonskapslar (Meta/Facebook Pixel): Vi bruker Meta Pixel for å måle effekten av annonseringa vår på Facebook og Instagram, gi meir relevante annonsar, og forstå korleis besøkande bruker nettsida etter å ha sett ein annonse. Dette skjer berre dersom du gir samtykke til målretta informasjonskapslar i samtykkebanneret.
Kven deler vi opplysningane med?
Vi sel aldri opplysningane dine. Vi bruker desse leverandørane (databehandlarane) for å drive Laga:
- Supabase — brukarkontoar, kurstilgang, framdrift, forum og prosjekt. Data blir lagra i EU.
- Sanity — innhaldet på nettsida.
- Vercel — drift av nettsida.
- Shopify — nettbutikk, kasse og ordre.
- Klaviyo — nyheitsbrev.
- Twilio SendGrid — utsending av e-post frå tenesta.
- Mux — strøyming av video.
- PostHog — besøksstatistikk (EU).
- Kult Byrå AS — utvikling og drift.
- Meta Platforms Ireland Ltd. (Facebook): Analyseverktøy (Meta Pixel og Conversion API) for å måle effekten av annonsar og målrette marknadsføring. Data kan bli overførte til USA under EU–US Data Privacy Framework.
- Varodd Inkludering AS (logistikk/lager)
Nokre av leverandørane har verksemda si i USA. Overføring dit skjer på grunnlag av EU-kommisjonen sine standardvilkår, eller EU–US Data Privacy Framework, i tråd med personvernforordninga kapittel V.
Kor lenge tar vi vare på opplysningane?
- Konto, profil, framdrift og kurstilgang: så lenge du har konto.
- Ordre og betalingsdokumentasjon: fem år, etter bokføringslova.
- Nyheitsbrev: til du melder deg av.
- Tekniske loggar frå kassa og e-postutsending: opptil 90 dagar.
- Besøksstatistikk: anonymisert.
Dine rettar
Du har rett til å:
- få innsyn i kva opplysningar vi har om deg
- få retta opplysningar som er feil
- få sletta opplysningar, med dei unntaka lova set
- få avgrensa behandlinga
- få utlevert opplysningane dine i eit maskinlesbart format (dataportabilitet)
- protestere mot behandling som bygger på rettkomen interesse
- trekke tilbake samtykke når som helst
Send ein e-post til post@lagastudio.no for å bruke rettane dine. Vi svarar innan éin månad.
Klage
Meiner du at vi behandlar opplysningane dine i strid med regelverket, vil vi gjerne høyre frå deg først. Du kan òg klage til Datatilsynet: datatilsynet.no.
Endringar
Vi kan oppdatere denne erklæringa når tenesta eller lova endrar seg. Gjeldande versjon ligg alltid på denne sida. Sist oppdatert: oktober 2026.