Hopp til hovudinnhaldet

Samarbeidspartnarar

Laga er samarbeid. Laga-universet er samarbeidet og naboskapen mellom oss i redaksjonen og alle i nabolaget, men det er også drive av og avhengig av gode samarbeid med mange fleire.

Varodd er ei inkluderingsbedrift som vi i Laga kjende godt til frå før. Dei var difor eit sjølvsagt samarbeid for oss. Ved å velje Varodd kunne vi både løyse mange av oppgåvene Laga har og samtidig vere med på å gjere ein forskjell.

Varodd har avdelingar innan både kantinedrift, trykkeri, emballasje, snikkarverkstad og lager- og logistikktenester. Dei lagar både arbeidshefter og produserer emballasje for oss, men den største jobben er det avdelinga i Vennesla som gjer for oss.

Avdelinga har om lag 10 tilsette og 30 plassar med tilrettelagt arbeid. I store og flotte lokale, på det som tidlegare var Hunsfos fabrikkar, finst der eit heilt eige Laga-lager. Her vert alle ordrar frå nettbutikken tatt i mot, og materialpakkar, utstyr og andre varer vert pakka og sendt ut. Stoff bli klipt i rett storleik, trådar vert bunta, og alt blir sortert og pakka i Laga-esker klare til utsending.

Varodd er ein viktig samarbeidspartnar for Laga. Dei er avgjerande for at Laga går rundt, og vi er svært stolte av samarbeidet. Vi i Laga-redaksjonen jobbar tett saman med Varodd for å utvikle rutinar og innhald som fungerer godt for alle. Saman finn vi løysingar, byggjer gode arbeidsprosessar og skapar meiningsfulle arbeidsoppgåver. Samarbeidet med Varodd gjer at vi kan levere materialpakkar og varer av høg kvalitet, samtidig som at vi er med på å skape arbeidsmoglegheiter og meistring for mange.

Her finn du Varodd si nettside: Varodd Inkludering

Vil du samarbeide med oss, eller har du idear til kven Laga kan samarbeide med? Ta kontakt med oss på hei@lagastudio.no