Hopp til hovudinnhaldet

Utstyr

Perlegarn

WonderFil Eleganza Perlegarn nr. 8 

Variant

49 kr

1

Om produktet

WonderFil Eleganza Perlegarn nr. 8 er eit mjukt og eksklusivt perlegarn i 100 % egyptisk bomull. Den faste tvinninga og vakre glansen gir tydelege sting og flotte resultat anten du syr teljesaum eller fritt broderi. Eignar seg ekstra godt til knutesting. Garnet er slitesterkt, loar lite og glir lett gjennom stoffet.

Talet på perlegarnet seier noko om tjukkleiken. Dess høgare tal, dess tynnare er garnet. Dei vanlegaste tjukkleikane er 3, 5, 8 og 12. Perlegarn 8 er ganske tynt og eignar seg godt til finare broderi og applikasjonar. Vi tilrår å bruke nål nr. 24.

Produktinformasjon

  • 100 % egyptisk bomull
  • Perlegarn nr. 8
  • Fast tvinna og ikkje delbart
  • Merceriserte fibrar med vakker glans
  • Lite lo og god slitestyrke
  • Perfekt til broderi, sashiko, applikasjon og dekorativ handsaum

Vask og stell: Fargeekte perlegarn i mercerisert bomull. Held på glansen og styrken også etter vask. Vask ferdige broderiarbeid i samsvar med vaskeråd for stoffet og materiala som er nytta i prosjektet.

Meir frå butikken

Ta ein tur i butikken