
Stress ned i desember
Velkomen til Laga adventskalender
Lær 24 sting på 24 dagar med Laga Adventskalender
Er du klar for ei adventstid fylt med skaparglede og ny læring?
- Vil du leggje frå deg telefonen oftere denne jula?
- Vil du gi bort noko du har laga sjølv i år?
- Vil du lære metoden til ein ekte fagperson, og faktisk bruke han i praksis?
- Vil du gjere noko kreativt, berre for deg sjølv?
- Vil du jobbe med materialer kuratert av fagfolk, i nydelege kvalitetar?
Broder deg gjennom adventstida
Laga Adventskalender er ein digital kalender fylt med handarbeid og skaparglede! Kvar dag får du tilgang til ein ny video der vi viser deg eit nytt sting og korleis du kan bruke det på forma di.
Kalenderen er heilt gratis å følgje, og du vel sjølv om du vil bruke eigne materialar eller kjøpe den ferdige materialpakken vår.
Kalenderen opner 1. desember på lagastudio.no
Materialpakka har vi satt saman for deg, med alt du treng for adventskalenderen. Dette er ei spesialutgåve i begrensa opplag, så ikkje vent for lenge med å bestille!
Materialpakke
Sikre deg ei nydeleg materialpakke med alt du treng for å brodere deg gjennom adventstida. Sjå innhald og kvalitet på vår fine materialpakke her. Ei spesialutgåve i avgrensa antal til kun 690,-

Les meir på kurssida
Frå 15. november får du tilgang til 5 meir praktiske introduksjonsfilmar. Der viser vi deg alt du treng om materiale, utstyr, klargjering av garn og korleis du monterer dei ferdige ornamenta – slik at du er heilt klar når første luke opnar 1. desember.

Sett av litt tid kvar dag – ein liten pause med ro, konsentrasjon og kreativ utfalding midt i adventstida. Du kan ikkje klare alt i advent, men dette kan du klare.
Mange gode grunnar
Mindre skjerm
Kjenner du for å legge vekk skjermen?
Ro ned i desember
Lag dei ei lita "lomme" av ro kvar dag i advent.
Du kan ikkje klare alt i advent, men dette kan du klare.
Lær noko nytt
Har du lyst å brodere, men veit ikkje heilt kor du skal starte? Gjennom Laga sin adventkalender få du lære å brodere i løpet av advent.