Hopp til hovudinnhaldet

Nettkurs

Laga Adventskalender

  • Broderi
  • Under 1 time
  • Alle nivå

Lær 24 sting på 24 dagar med Lagas eigen adventskalender!

Vil du lære deg å brodere, men veit ikkje heilt kor du skal begynne? Då passar adventskalenderen ypparleg for deg.

Kvar dag i desember kan du opne ei luke med eit kort videokurs i broderisting. Når du kjem til julaftan, har du lært 24 ulike sting og korleis du kan kombinere dei og sy fine juleornament!

Kvite filtstjerner med broderte mønster i raudt, blått og grønt
Kjem snart

Til kalenderen kan du kjøpe ein nydeleg materialpakke med kvalitetsmateriale: raud og kvit filt i 100 % ull, broderigarn i mercerisert bomull og ull, nåler, ullfyll og merkepenn.

Materialpakken inneheld alt du treng for å lage seks ornament og passar både for nybegynnarar og vidarekomne. Materialpakken er laga i avgrensa opplag, så ikkje vent for lenge!

Frå 1. desember kan du opne første kalenderluke ved å lage ein gratis brukar her.

Økter

Første luke: ei lita stjerne du broderer på ein kveld.

Instruktør

Kvinne med brunt hår står mot kvit vegg og held hendene samla framfor seg, i lys genser med fargerik handbroderi

Kathrine Gregersen

kathrine@laga.no

Kathrine er faglærar i kunst og handverk. Ho har også arbeidd med produktutvikling og formidling. Kathrine er ein inspirerande formidlar som er glad i å bruke tradisjonelle teknikkar på nye måtar. Kathrine er prosjektleiar for Laga.

Ofte stilte spørsmål

Alt du treng for å kome i gang

Vi har samla materiale og verktøy som passar til dette kurset. Legg dei i vogna, så er du klar til å sette i gang!

Fleire kurs

Sjå alle kurs