Hopp til hovudinnhaldet

Fysisk kurs

Lansering Fine Sting

  • Broderi
  • 1–3 timar
  • Alle nivå

Velkomen til boklansering og broderiverkstad!

Den første boka i Laga si grunnbokserie er endeleg her. Fine sting er ei innføring i fritt broderi og viser over 90 sting med tydelege arbeidsteikningar, tips og inspirasjon til korleis stinga kan kombinerast.

Boka Fine sting ligg på eit bord saman med broderiutstyr, fargerikt garn, stoff og saks

Dette skjer på arrangementet

Broderiverkstad

Prøv broderi i silke, bomull og ull. Utforsk ulike materialar, teknikkar og sting i eige tempo. Verkstaden passar både for nybyrjarar og deg som har brodert før.

Pop-up Laga-butikk

Kjøp Fine sting, andre handverksbøker, materialpakkar og utvalde produkt frå Laga.

Inspirasjon og smakebitar

Sjå døme på broderi på klede og bruksting, og få ein sniktitt på komande kurs og innhald frå Laga.

Premiar og overrasking

Alle som deltek får ei lita overrasking, og blir med i trekninga av fine premiar.

Praktisk informasjon

Dato: Onsdag 18. november
Tid: Kl. 18.00–21.00
Stad: Kraftverk, Skippergata 24B, Kristiansand

Arrangementet er gratis, men krev påmelding. Talet på plassar er avgrensa.

Meld deg på i dag for å sikre deg plass.

—

Instruktør

Kvinne med brunt hår står mot kvit vegg og held hendene samla framfor seg, i lys genser med fargerik handbroderi

Kathrine Gregersen

kathrine@laga.no

Kathrine er faglærar i kunst og handverk. Ho har også arbeidd med produktutvikling og formidling. Kathrine er ein inspirerande formidlar som er glad i å bruke tradisjonelle teknikkar på nye måtar. Kathrine er prosjektleiar for Laga.

Fleire kurs

Sjå alle kurs