Kurset passar både for nybegynnarar og for deg som har brodert før. Saman går vi gjennom alt frå planlegging og plassering av motiv, til ferdig broderi. Undervegs får du lære ulike sting, korleis du brukar vassløyseleg flieselin og korleis du syr miniatyrfolk steg for steg.
Målet er ikkje perfekte sting, men å skape levande og personlege uttrykk med nål og tråd. Som kurshaldar Kathrine pleier å seie: «Miniatyrfolka er fine langt i frå, men langt i frå fine».
Del 1
I den første delen av kurset blir du kjend med både teknikken og tankane bak miniatyrfolka. Du får møte kurshaldar Kathrine Gregersen, høyre kvar ho fekk ideen frå og lære kva materiale og utstyr du treng.
Deretter går vi gjennom korleis ein vel plagg som er eigna, planlegg plassering av motivet og overfører teikninga av motivet til vassløyseleg flieselin. Når du er ferdig med denne delen, er plagget klart til brodering.
Del 2
No er det tid for å finne fram nål og tråd. I denne delen lærer du dei viktigaste teknikkane for å brodere miniatyrfolk, frå dei første stinga til ferdige figurar med klede, hår og detaljar.
Du får tips til tråd, fargar og stingretning, og du får sjå korleis små detaljar kan gi figurane både personlegdom og rørsle.
Del 3
I den siste delen av kurset ferdigstiller vi prosjektet. Du lærer korleis du fjernar flieselinen, etterfyller område som treng det og gjer broderiet klart til bruk.
Til slutt ser vi på korleis du kan utvikle ideen vidare og finne ny inspirasjon til å bruke miniatyrfolk på fleire plagg og prosjekt.