Hopp til hovudinnhaldet

Fysisk kurs

Juleverkstad for voksne

  • Broderi
  • 1–3 timar
  • Alle nivå

Bli med på ein kveld fylt av ro, skaparglede og inspirasjon!

Ta ein pause frå juleførebuingane og bli med på ein broderiverkstad der kreativiteten får blomstre. Denne kvelden utforskar vi slow stitching og tekstur, og brukar stinga til å skapa vakre juleornament.

Hender som broderer eit lite kvit hjarta i filt med raud tråd

Vi skal arbeide med flater og struktur ved hjelp av trådar i ull, silke og bomull. Broderi er ei langsam og meditativ aktivitet, eit pusterom frå skjerm og tidspress, som handlar om nærvær, ro og skaparglede.

Dette er ein perfekt kveld for vennegjengen, ei kreativ date eller ei stille stund for deg sjølv. Arrangementet passar både for deg som er heilt nybyrjar, og for deg som har mykje erfaring med broderi.

Instruktør: Kathrine Gregersen

Kathrine er forfattar av Fine sting og held verkstader, kurs og føredrag. Ho er ein engasjert formidlar som inspirerer til å ta i bruk dei skapande evnene våre, med nål, tråd og eit ope sinn.

Materiala er inkluderte i billettprisen, og det blir servert en boblende aperitiff med både alkoholfrie og alkoholhaldige alternativ.

Møt opp kl. 18.00 i Multisalen. Verkstaden varer i 2 timar og blir avslutta kl. 20.00.

Instruktør

Kvinne med brunt hår står mot kvit vegg og held hendene samla framfor seg, i lys genser med fargerik handbroderi

Kathrine Gregersen

kathrine@lagastudio.no

Kathrine er faglærar i kunst og handverk. Ho har også arbeidd med produktutvikling og formidling. Kathrine er ein inspirerande formidlar, som er glad i å bruke tradisjonelle teknikkar på nye måtar. Kathrine er prosjektleiar for Laga.

Alt du treng for å kome i gang

Vi har samla materiale og verktøy som passar til dette kurset. Legg dei i vogna, så er du klar til å sette i gang!

Fleire kurs

Sjå alle kurs