Hopp til hovudinnhaldet

Bok

Fine sting: grunnbok i fritt broderi

Forventa levering rundt 12. november

249 kr

1

Om produktet

Fine sting – grunnbok i fritt broderi

Enten du broderer moderne eller tradisjonelt, lite eller stort, røft eller finsleg, er stinga grunnlaget for arbeidet. Denne boka samlar dei viktigaste stinga innanfor fritt broderi.

Boka gir eit oversyn over dei grunnleggande stinga og viser korleis enkeltsting kan setjast saman til linjer, flater og motiv. Alt er forklart med tydelege arbeidsteikningar, og boka tek deg frå det heilt enkle til meir avanserte sting som krev litt øving.

Fine sting er ei god startbok for deg som er ny – og eit nyttig oppslagsverk for deg som har brodert i mange år.

Fine sting er første hefte ut i ein serie med handbøker frå Laga. Alle er bygde opp rundt same lest: grundige og enkle på same tid og i eit hendig format.

Meir frå butikken

Ta ein tur i butikken