Hopp til hovudinnhaldet

Utstyr

Amann Tråkletråd 300m

Praktisk tråkletråd i 100 % bomull til mellombels saum, merking og tilpassing. Tråden er lett porøs og kan rivast av med fingrane, noko som gjer arbeidet raskt og enkelt utan bruk av saks.

75 kr

1

Om produktet

Treng ein verkeleg eigen tråkletråd? Nja, seier vi. Det er ikkje det første du skal investere i, men tråkletråd fungerer på ein litt annan måte enn vanleg sytråd. Han er litt tjukkare og dermed litt stødigare og lettare å plukke vekk. Han er også litt svak, som gjer at han lettare gir seg når du skal fjerne han. Vi i Laga-redaksjonen er glade i å bruke tråkletråd. Derfor vil vi gjerne kunne tilby ein god tråkletråd til deg som har lyst til å gjere denne vesle investeringa.

Produktinformasjon

  • 100 % bomull
  • Perfekt til tråkling og merking
  • Enkel å rive av med fingrane
  • 300 m per snelle
  • Toler vask på opptil 60 °C
  • Toler høg temperatur ved stryking

Eit nyttig hjelpemiddel for syprosjekt der du treng ei mellombels samanføying eller markering av stoffet.

Meir frå butikken

Ta ein tur i butikken