
Utstyr
Tråkletråd Guiterman
Mjuk tråkletråd i 100 % bomull, utvikla for mellombels saum og tråkling. Tråden er lett flosa og ubehandla, noko som gjer han godt eigna til å halde stoffdelar saman medan du syr, tilpassar eller markerer.
35 kr
Om produktet
Treng ein verkeleg eigen tråkletråd? Nja, seier vi. Det er ikkje det første du skal investere i, men tråkletråd fungerer på ein litt annan måte enn vanleg sytråd. Han er litt tjukkare og dermed litt stødigare og lettare å plukke vekk. Han er også litt svak, som gjer at han lettare gir seg når du skal fjerne han. Vi i Laga-redaksjonen er glade i å bruke tråkletråd. Derfor vil vi gjerne kunne tilby ein god tråkletråd til deg som har lyst til å gjere denne vesle investeringa.
Produktinformasjon
- 100 % bomull
- Til tråkling og mellombels saum
- Matt og lett flosa overflate
- 200 m per snelle
- Tjukkleik: Ne 24/2
Eit nyttig hjelpemiddel for alt frå klessaum og quilting, til andre syprosjekt der du treng ei mellombels samanføying av stoffet.her kjem tekst


