Hopp til hovudinnhaldet

Intervju

«Min verkstad» med Ingvild Grane

Laga redaksjonen
Ingvild Grane smiler framfor hyllene med garn og strikka sokkar på hobbyrommet sitt, med eit garnnøste i hendene

I spalta «Min verkstad» dreg vi heim til folk og ser kvar dei sit når dei lagar ting, og korleis dei oppbevarer materiala sine.

Ingvild Grane kjedar seg aldri, så lenge ho har med seg strikketøyet i veska. Bli med inn på verkstaden hennar for å høyre kva som ligg i hennar «bag of shame» og det beste tipset ho har for å gøyme bort rot.

Ingvild Grane er aktuell med si tredje strikkebok, Strikk sokkar. I verkstaden hennar finn du ei heil hylle dedikert til pent bretta sokkar.

– Eg gler meg sånn til sokkesesongen, det er alltid eit høgdepunkt, seier ho.

Samtidig vil ho likevel at sokkane skal brukast.

– Det er mange som vil kjøpe sokkane ferdige. Det sit veldig langt inne for meg. Eg veit jo ikkje kor mange timar som er lagt ned, og korleis kan ein prise det? Eg vil helst behalde dei sjølv eller gi dei til nokon eg er skikkeleg glad i. Aller helst ville eg ikkje tatt dei i bruk, men det blir jo berre heilt meininglaust, seier ho.

Det er orden på det vesle arbeidsrommet som ligg vegg i vegg med kjøkkenet. Ho kan avsløre at det har blitt rydda før vi kom.

– Det ser ryddig ut, men det er eigentleg ganske rotete om ein berre opnar skuffane. Slik er eg litt i livet generelt også.

Korleis gøymer du bort rotet?

– Eg elskar kassar! Det gjer at det ser ryddig ut. Då får eg lyst til å lage ting.

Er det nokre hemmelegheiter her inne?

– Eg har jo ein slik «bag of shame». Det er prosjekt eg har begynt på, men som ikkje er ferdige. Det er ofte eg begynner på noko for å prøve ein fargekombinasjon, og så er det ikkje så kjekt likevel etter kvart. Ofte er det også fordi eg har brukt tynne pinnar. Eg hatar tynne pinnar.

– Eg er ein slik person som ofte startar på ting utan å fullføre. Når ein lagar sokkar og vottar, er det jo også slik at eg må lage ein til. Det er praktisk, for då kan eg berre kopiere den første om det var noko som vart vanskeleg.

Kva er favorittfargen din, då?

– Eg er veldig glad i raudt. Og kombinasjonen blått og rosa.

Ho har ei bok der ho finn inspirasjon til fargar og fargekombinasjonar. Sjølv om den ikkje blir brukt så mykje, likar ho berre å ha den der.

Kva gir strikking deg?

– Eg tenkjer ikkje på noko anna når eg gjer det, det er det som er så verdifullt. Alt anna forsvinn. Og så kosar eg meg veldig med det. Eg kan gjere det overalt, så lenge eg har med meg strikketøy. Det gjer at eg aldri kjeder meg.

Er det ein grunn til at hobbykroken ligg akkurat her i huset?

– Det er det minste rommet. Det er så pass lite at det er lite eigna til så veldig mykje anna.

Kva er den beste reiskapen her inne?

– Desse pinnane! Dette er litt nerdete, men 3,5 millimeter er min favoritt.

Pulten og hyllene er spesielt laga til rommet. Det er Grane som står for bestilling av materialar, og så lagar mannen det.

Tvers over hylla heng ei gammal settekasse frå ein syfabrikk.

– Det er steinar frå overalt som eg har plukka på ferie. Eg elskar steinar med hol tvers igjennom, så dei blir stadig bytte ut med det.

Kva er det som inspirerer deg?

– Det må eg seie at er garn. Særleg handfarga garn. Det som er så gøy med det, er at det skiftar farge etter kvart, noko som gjer prosessen veldig spennande, og som også gir eit kult resultat. Når eg er i utlandet, pleier eg å kjøpe med meg masse dyrt og handfarga garn.

Kva er du mest redd for her inne?

– Kameraet mitt. Eg tar bilde av sokkane sjølv. Sjølv om eg er redd for kameraet, behandlar eg det ikkje slik. Eg legg det berre rett i veska. Og så er eg veldig redd for det eg har laga. Det har jo sjølvsagt ein spesiell verdi.

Kvifor heng akkurat dette bildet her?

– Det er laga av Marianne Gretve. Eg veit ikkje kven den dama er, men eg får kjensla av at ho er ei gammal dame. Mange av hobbyane mine er veldig gammal dame-hobbyar. Strikking og hage og slikt. Då passar det godt inn.

Kva har mest sentimental verdi for deg her inne?

– Teppet! Det kjøpte eg brukt i Istanbul for veldig mange år sidan. Dette er kanskje det eg har fått mest spørsmål om kvar er frå nokon gong. Eg elskar at ein kan sjå at dei har gått tomme for rosafargen og derfor bytta til oransje.

Relaterte kurs

Kom i gang med Laga!

Relaterte prosjekt frå nabolaget

Besøk nabolaget

Fleire artiklar