
– Når eg broderer trur pulsklokka mi at eg har vore på yoga. Det vil eg at alle skal få oppleve, seier Kathrine Gregersen.
Som utdanna kunst- og handverkslærar, kurshaldar i broderi og forfattar av fleire handverksbøker, har ho via mykje av livet sitt til handarbeid.
Interessa starta som lita jente då ho lærte å brodere i pappkartongar heime på kjøkkenet. No vil ho inspirere andre til å lage ting med hendene.
Eg har aldri vore så opptatt av titlar som kunstnar eller handverkar. Eg pleier å seie at eg liker å lage ting, og det er nettopp det Laga skal handle om.
Kor kjem ideen frå?
– Eg kjenner meg igjen i utfordringa eg trur mange har: Materiala ligg der heilt klare, ideane har ein i hovudet, men kvardagen og skjermane tek over. Sjølv om eg kan teknikkane, så er det utfordrande å faktisk sette i gang. Kor vanskeleg kan det ikkje då vere om ein er heilt nybegynnar?
Korleis kan ein eigentleg kome i gang?
– Eg trur mykje handlar om å starte heilt enkelt. Deretter må ein vere villig til å gjere det enkle mange gongar. Ein forventar ikkje å kunne springe eit maraton utan trening. Det same gjeld kreative ferdigheiter.
– Start i det små. Sett av ti minutt kvar dag, vel eit enkelt prosjekt og gi deg sjølv tid til å kome inn i det. Det losnar når du har etablert vanen.
Korleis starta di interesse for kreativt arbeid?
– Det å lage ting var ein så naturlig del av oppveksten min. Vi teikna mykje, prøvde ulike materiale og fekk verkeleg utforska kreativiteten vår. Skapande arbeid vart tidleg ei drivkraft for meg.
Begge foreldra hennar arbeidde kreativt. Far hennar dreiv med hardmateriale: metall, stål, treskjering og snekring. Mor vov, broderte, strikka og sydde.
– Uansett kva jobb eg har hatt, har eg alltid hatt eit behov for å lage noko, seier Gregersen.
Det er difor namnet blei Laga.
Kva er det viktigaste når ein skal lage ting?
– Eg er opptatt av at teknikkane skal ligge som ei ramme. Når ein beherskar ein type handverk og forstår det grunnleggande, får ein mykje større fridom til å utforske, eksperimentere og tenke kreativt.
Gregersen fortel at nokre kurs vil vere teknikkorienterte, medan andre vil vere meir kunstnarlege. Felles for dei er at målet ikkje berre er å lage eit bestemt produkt, men å gi deltakarane kunnskap og inspirasjon til å fortsette på eiga hand.
– Eit rom til å velje form, farge, uttrykk og løysingar er viktig. Vi er så forskjellige, og det skal vere plass til alle hos Laga.
Til vanleg bur Gregersen i Kristiansand, og her held ho ofte kurs i fribroderi. Det gav inspirasjon til den første grunnboka.
Kvifor broderi?
– Broderi har vore ein del av livet mitt sidan barndommen. Eg hugsar at far min teikna former på ein kartong og lærte oss å sy gjennom små hol. Seinare fekk eg eit eige broderisett.
– Det var stort å oppleve den roa eg fekk av handarbeid. Det er meditativt å sitte der med nål og tråd. For meg er broderi både ei kreativ kraft og ein nødvendig pause frå ein kvardag full av inntrykk og skjermar.
Gregersen likar at broderi er så enkelt. Du treng berre tre ting: ei nål, ein tråd og eit stoff. Det krev ikkje alt utstyret som strikking eller sying gjer.
– Også er det så mange moglegheiter med broderiet. Mange assosierer det med noko sirleg og tradisjonelt, men det kan vere så mykje – både røft, moderne, fargerikt og eksperimenterande.
Kven er Laga for?
– Laga er for alle som har lyst til å bruke hovud og hender til noko skapande.
Gregersen fortel at på kursa ho held, kjem det både menneske som har halde på med handarbeid heile livet, og dei som knapt har halde i ei nål sidan skuletida.
– Desse gruppene lærer godt saman. Dei erfarne får nye perspektiv, og nybegynnarane får ein trygg inngang.
– Når ein bestiller materialpakke, får ein kvalitetsmateriale og ein guide som inneheld alt du treng for å lykkast. Når du følgjer eit kurs skal du få tydelig rettleiing, lære teknikkane grundig og oppleve meistring.








