
Den franske knuten er eit av dei meir avanserte stinga, men når du først meistrar det, går det leikande lett. Stinget sprett fint ut frå underlaget og ser ut som små perler.
Ut frå namnet skulle ein tru at stinget har opphav i Frankrike, men det kjem truleg frå Kina. Der har det vore nytta i over 2000 år, og sannsynlegvis spreidde det seg vestover langs Silkevegen. Kvifor heiter det då «fransk knute»? Det finst ikkje noko sikkert svar, men stinget vart svært populært i fransk broderikunst på 1700- og 1800-talet. Mange trur at namnet festa seg fordi Frankrike var leiande innan mote, tekstilar og dekorativt handarbeid på den tida.
Franske knutar er fine å bruke til å markere detaljar, som til dømes midten av blomar, eller til å dekke større flater. Dei gjer seg ekstra godt i eit fast og blankt garn, som til dømes perlegarn. Det kan vere effektfullt å sy dei i ein kontrastfarge, men det er også lekkert å sy dei i same farge som underlaget. Då er det strukturen i stinget og tråden som skapar kontrast og liv i broderiet.
Stikk nåla opp der du vil ha knuten, og snurr tråden to gonger rundt nåla. Stikk nåla ned igjen rett ved sida av der tråden kjem opp av stoffet. Medan nåla står i stoffet, drar du tråden forsiktig til slik at snurren legg seg fint. Hald tråden fast med venstre tommel, og dra nåla gjennom stoffet. Vanlegvis snurrar ein tråden to gonger rundt nåla for å lage knuten.
Dess tjukkare tråd du syr knuten med, dess større blir knuten. Du kan også regulere storleiken ved å endre kor mange gonger du surrar tråden rundt nåla.
Franske knutar er ein av mange sting du finn i Laga si grunnbok Fine sting. Her kan du også finne mange andre knutesting.








