Hopp til hovudinnhaldet
Hender held opp eiopen rosa adventskalendereske med garn og fyll, og til høgre syr hender på ein rund figur med raud tråd

Stress ned i desember

Velkomen til Laga adventskalender

Lær 24 sting på 24 dagar

Laga Adventskalender er ein digital kalender fylt med handarbeid og skaparglede! Kvar dag får du tilgang til ein ny video der vi viser deg eit nytt broderisting, først steg for steg på ein prøvelapp, og deretter korleis du bruker det på forma du har valt. Du treng ingen forkunnskapar for å bli med, og vi viser deg både sting som er heilt enkle og nokre meir avanserte, slik at du får ei fin utvikling undervegs.

Kalenderen er heilt gratis å følgje. Første luke opnar 1. desember.

Vi har sendt ut materialpakkar over heile landet, og det hadde vore så kjekt å sjå kva du lagar undervegs. Del gjerne resultata dine inne på Nabolaget eller på Instagram med #lagaadvent.

  • Er du klar for ei adventstid fylt med skaparglede og læring?
  • Med årstal og initialar kan ornamenta bli fine personlege minne.
  • Kanskje vil du gi nokre vekk som julegåve?
  • Perfekt som ei lita pause med ro midt i førjulstida.

Materiale og utstyr

Du vel sjølv om du vil bruke eige materiale eller kjøpe den ferdige materialpakken vår.

Treng du berre å supplere litt, finn du enkeltprodukta under. Vi har valt ut ein nydeleg, stødig ullfilt i 100 % ull som ikkje frynsar når du klipper, det glatte og blanke perlegarnet som gir dei aller finaste knutestinga, og favorittmerkepennen vår som sit tydeleg på stoffet, men forsvinn sporlaust med litt vatn.

Ta ein tur i butikken

Materialpakke

Sikre deg ein nydeleg materialpakke med alt du treng for å brodere deg gjennom adventstida. Pakken er ei spesialutgåve og kjem i avgrensa opplag til berre 690,-. Sjå innhald og kvalitet på vår fine materialpakke her.

Hender opnar ei rosa eske fylt med garn, ull og eit hefte for handarbeid

Les meir på kurssida

Frå 13. november får du tilgang til fem praktiske introduksjonsfilmar. Der viser vi deg alt du treng å vite om utstyr, korleis du klipper til tråd og mønster og tre ulike måtar å montere ornamenta på, slik at du er heilt klar når første luke opnar 1. desember. Du kan også laste ned gratis mønsterark på kurssida.

Julepynt i tova ull med handbroderi ligg på eit bord saman med garn, nåler og ei saks under granbar
Laga-redaksjonen

Sett av litt tid kvar dag til ein liten pause med ro, konsentrasjon og kreativ utfalding midt i adventstida.

I sal no!

Den første boka i Laga sin grunnbokserie er her. Fine sting er ei innføring i fritt broderi og viser over 90 sting med tydelege arbeidsteikningar. Du finn også tips og inspirasjon til korleis stinga kan kombinerast.

Omslag til boka Fine sting med raud bakgrunn og lyserude mønster og figurar

Ofte stilte spørsmål